
Helle Slakteri er det lokale slakteriet i Valdres – utvikla frå eit lite bygdeslakteri på 1940 talet til ein moderne og EU-autorisert kjøtbedrift for dagens forbrukar.
Andris N. Helle var grunderen og starta i 1950 bygging av nytt slakteri på staden det er i dag. I 1988 overtok to ansatte bedrifta, og det vart laga aksjeselskap. Etter fleire utbyggingar, den siste i 2007, har vi i dag eit moderne slakteri og produksjonslokal med eige utsal av lokale kjøtvarer frå Valdres sitt eige spiskammer.
Helle Slakteri as har i dag 210 aksjonærar, med tilknyting til landbruket i Valdres.